fredag, november 01, 2013

Sommarferien 2013

Vi har dei siste åra vore campingturistar. Første året var det mest for å finne ut om ungane likte det, og då lånte vi vogn med Per Helge. Ei gammal Knaus-vogn.

Etter den første ferieturen såg vi at ungane likte det godt, og året etter gjekk turen heilt til Sverige. Då var vi så heldige at vi fekk ta over Knaus-vogna, og reiste for første gong på ferie med eiga vogn. Ungane er små og litt hardhendte, så det gjekk hardt utover ei gammal vogn. Sikkert ikkje lurt å ha noko nyare heller då.

Men etter å ha reist på tur i lag med mange som hadde vogner med gode løysingar og god plass, vart vi i år frista til å kjøpe oss ei ny vogn.

Gliset vart ei Hobby-vogn frå 2006, og vi er kjempefornøgde med den så langt.

IMG_2449 

Vi reiste på tur i lag med Asbjørg og Asgeir, eit vennepar av oss med tre ungar.

Planen var å reise til Mora i Sverige.

 

IMG_2120.JPG (2)

Mariell hadde stjerner i blikket natta før vi skulle reise, og la seg i køya i campingvogna, klar for overnatting.

IMG_2380IMG_2381

Hadde ikkje så mange bilete av vogna inni, men her er nokre vi tok etter at vi sette inn TV i ei hylle. Interiøret er grått med oransje (!) gardiner og puter til.

IMG_2192.JPG (2)IMG_2255.JPG (2)

Moraparken camping var ein flott plass, som vi verkeleg kan anbefale til andre. Vi møtte andre Sunnmøringar der også, som tydelegvis hadde oppdaga at ein ikkje nødvendigvis trengde om å reise så langt sør for å få finevêr. Her var det flatt og fint, mange leikeplassar for ungane, badestrand, minigolf og innandørs basseng i tilfelle stygt vêr. Og så var det gangavstand til eit koseleg sentrum.

IMG_2198.JPG (2)IMG_2217.JPG (2)

I sentrum kunne vi besøke “Glassbåten”, som var ein båt der dei selde is, og mange stadar selde dei slike hestar i ulike størrelsar.

IMG_2438IMG_2432

Eit stort, gammalt damplokomotiv var også utstilt i sentrum.

Campingferie 2013 205

Leksand Sommarland var ein av stadane me hadde tenkt å besøke, og her var vi kjempeheldige med vêret. Fin temperatur, og ein deilig sommardag! Her fekk både store og små boltre seg i basseng og andre aktivitetar heile dagen.

Her kjem eit lite bildedryss:

Campingferie 2013 213Campingferie 2013 197Campingferie 2013 194Campingferie 2013 192Campingferie 2013 183Campingferie 2013 166

Campingferie 2013 158Campingferie 2013 143Campingferie 2013 141Campingferie 2013 139

Campingferie 2013 138Campingferie 2013 133

Campingferie 2013 129Campingferie 2013 126

Etter badinga var det tid for is. Det var nokre litt slitne ungar i bilen på veg heim til campingvogna igjen. Men for ein kjekk dag det var!

IMG_2240IMG_2246

IMG_2247IMG_2254.JPG (2)

Kjekt med litt rolege aktivitetar etterpå då.

IMG_2267IMG_2252IMG_2190IMG_2189.JPG (2)

Meir bading og soling.

IMG_2285IMG_2456

Sommarvik i Årjäng, ikkje langt frå grensa mellom Norge og Sverige. Koseleg, men litt bratt campingplass. Fin strand, og det vart mykje bading der også.

Campingferie 2013 336

Vi prøvde å sykle på “dressin”, og det var veldig kjekt. Vi hadde tandemsykkel, og Marius og Mariell var veldig ivrige. Fekk stor fart!

Campingferie 2013 356Campingferie 2013 354

Grilling høyrer med!

Campingferie 2013 329Campingferie 2013 326Campingferie 2013 325Campingferie 2013 322Campingferie 2013 319Campingferie 2013 318Campingferie 2013 305Campingferie 2013 299Campingferie 2013 295Campingferie 2013 270

Temperaturen på vatnet var så deilig at sjølv vi vaksne klarte å bade, og ungane storkosa seg både morgen, dag og kveld.

Etter ein dag på kjøpesenter i Charlottenberg køyrde vi over grensa og til Norge. Der fekk vi fort oppdage at standarden mellom svenske og norske campingplassar er nokså stor. Reiste vidare til Gjøvik og Sveastranda camping. Der er fint, men vêret so som so, så siste sprell før heimturen vart ein dag på Toten Badeland. Der er fint for store og små, varme basseng og boblebad.

IMG_2293IMG_2291

Ferdig bada og klar for heimreise.

1 kommentar:

Gjengen framma dala sa...

Ditta va en kjempekjekke tur, å me fer gjerne i lag me dokke igjen til sommare :)