Søndagen det var jonsok hadde vi planlagt å samle ein gjeng frå studietida. Det var meldt dårleg vêr, og vi sjansa på å vere i den nye grindaløda på Kapteinkvia, og hadde som reserveplan at vi kunne trekke inn i huset til Gunnhild og Kenneth dersom det vart for vått og kaldt.
Istaden for dårleg vêr fekk vi ein nydeleg dag. Og ungane ville helst vere på badestranda, så då vart det slik.
For ein start på dagen! Vi grilla og kosa oss, og fekk god tid til god prat og mimring. Så kjekt at vi fekk til å samle ein liten gjeng. Håper at vi får det til igjen snart, og at vi kan verte endå fleire då.
Medan vi rydda i hop tinga våre, kjende vi første regndråpane, og omtrent i det vi kom inn døra heime, hølja det ned! Ei skikkeleg regnbyge kom, og vi sat berre og venta på tordenskralla. Men dei kom ikkje, i staden for lyste det opp att, og vart skikkeleg fint igjen. Ganske uvanleg fenomen på Sunnmøre vil eg seie. Vi er vel meir vande med at når det først byrjar å regne, så held det på i to veker.
Eg hadde ikkje nemnt jonsok med eit ord til ungane, i tilfelle vêret skulle vere alt for dårleg. Men etterkvart som sola kom tilbake, leita vi fram kostyme, og gjorde oss klare til å gå i lurvetog. Det vart ein kjempekjekk ettermiddag og kveld, og sjølv om eg hadde forskjellige kostyme, blant anna eit søtt og fint hundekostyme, enda eg opp med to piratar med bart. Jaja…
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar