Både eg og Audun fekk kvar si helg med utdrikkingslag. Først ut var Runar….
…som vart kidnappa og flogen i helikopter til Molde. Resten av gjengen køyrde til Molde i minibuss og var med på resten av dagen der. Til slutt kosa dei seg på balkongen på toppen av Alexandra hotell.
Heime fekk eg prøve å verte godvenn med dyra i fjøsen. Marius og Mariell var gode hjelparar. Første gong vi var heime åleine og gjorde fjøsen ei heil helg.
Så var det Åse-Lill sin tur å verte kidnappa…
Vi reiste til Ålesund og fekk ei runde på gokart-bana, før vi reiste vidare til Sykkylven for å køyre vannskuter og stå på vannski. Surt og kaldt vêr gjorde at det vart ein kald fornøyelse, men det la ingen dempar på stemninga. Til slutt kosa vi oss med god mat og drikke i ei hytte på fjellsætra.
To minnerike utdrikkingslag ilag med gode vener, og ei fin opplading til bryllaupsfeiring.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar