tysdag, juli 09, 2013

Gode hjelparar i slåtten.

Under slåtten og elles på garden er det mykje som skjer, og gode hjelparar er gode å ha.

Marius og Mariell er som regel med på det som skjer. Litt forskjellige er dei, for Marius er veldig interessert i å vere med på arbeidet, og å hjelpe til. Og han får til bra mykje også. Veldig snar å finne ut av ting, og held ut gjerne heile dagen.

Mariell går som regel å trallar på ein sjølvdikta song, og har relativt lite interesse for det som skjer, og om ho vil hjelpe til litt, så er det ganske kortvarig hjelp før ho går tilbake til å tralle og synge igjen.

Siste vekene har vore travle veker, og opp i alt arbeid med slåtten, har vi også vore med på mykje anna. Kan nemne: Jonsokfeiring, utdrikkingslag, bryllaup, dugnad og turar i fjellet.

Skal prøve å ta med nokre bilete frå desse siste vekene, og vi startar med slåtten:

IMG_2332

To blide sit på lasset med gras på traktoren.

IMG_2326

Sjefen på løda. Styrer bandet og jamnaren sikkert.

IMG_2321IMG_2320

Her går det unna, og siloen er snart full.

IMG_2300IMG_2299

Fjøsen må også gjerast.

IMG_2297

Etter ein slitsom dag, er det ofte slik om ettermiddagen. Så er vi klar for ei lang kveldsøkt etterpå.

IMG_1886IMG_1892

Kvar sine interesser…

IMG_1856IMG_1881

Litt pause mellom lassa. Pappa, Kristian og Vetle var også med og hjelpte oss.

IMG_1894

Tid til ein sykkeltur medan pappa slår ned graset. Etter eit stykke kommanderte Marius oss til å snu, for han måtte vere klar når pappa kom med lass.

Ingen kommentarer: