søndag, desember 29, 2013

Mild og stormfull vinter så langt.

Denne vinteren har vore merkeleg så langt. Vi fekk ein liten smak av snø og julestemning tidleg i desember. Nokre få dagar fekk vi leite fram ski og akebrett, og vi laga skiløype på marka vår.

IMG_2729

IMG_2767

Litt bålkos måtte vi også ha, for det var vind og kaldt. Godt å varme seg litt på bålet, og grille litt pølser.

IMG_2750IMG_2753

Endå litt meir julestemning fekk vi då vi var på juleverkstad på Grendahuset, og fekk lage mykje ny julepynt. Bondalsnissen kom også innom ein tur med godtepose til alle dei minste. Stas!

Ingen kommentarer: