søndag, desember 29, 2013

Ekstremvêr.

Hausten og vinteren har vore prega av mykje ekstremvêr. Mykje regn har ført til jordras og flaum mange stader i på Sunnmøre. Og fleire gongar har det vore meldt vind opp i storm styrke. Med Dagmar fortsatt friskt i minne, har vi ikkje følt oss heilt trygge når det har blese ute, men vi har etterkvart lært oss litt kva for vindretningar som brukar å blåse hardast her. Mange kveldar har vi høyrt regnet piske på vindauga, og kjent på den uhyggelege lyden som kjem når vindkasta nærmar seg frå andre sida av dalen.

Så vart det meldt om ekstrem-vêret “Hilde” og  “Ivar”. Vi var nervøse, men det gjekk bra her med oss.

Dagen etter “Ivar” senka vi skuldrane litt, snakka om at det vart ikkje så gale som vi hadde venta, og var letta over det.

Lite visste vi då, at den kvelden skulle det bygge seg opp med kraftige kastevindar, slett ikkje etter vêrmeldingane. I mørket buldra det og klirra i vindauga, og medan Audun var ute for å sjekke at alle bygningar var godt stengde, vart han vitne til at lødetaket vart flerra av.

IMG_2786

Det vart lite søvn denne natta, og vindkasta rykte godt i huset. Lødetaket, som reiste i orkanen “Dagmar” vart kasta av igjen som fyrstikker. Vi gjekk fleire hundre meter nedover vegen og marka for å finne igjen alle fjøler og plater.

Morgonen var lang og mørk, sidan vi venta på å sjå kor gale det eigentleg var.

Ut på føremiddag kom det mange for å hjelpe oss med å reparere skadene, og det hasta, sidan det var meldt storm til kvelden igjen.

IMG_2795

Det var aktivitet til langt på kveld, og vi kom nesten heilt i mål, takka vere ein utruleg flott dugnadsgjeng!

Tusen takk til Jan Ove, John Åge, Åge, Kay Are, Kjell Einar, Janne, Eskild, Vetle, Mathilde, Jan Olav, Ragnhild, Sara, pappa, Helge, Glenn Robin, Kenneth, Per Helge og Håvard, som brukte heile søndagen sin på å hjelpe oss! Det var ei god trøst opp i alt arbeidet.

Resten av desember har også vore veldig vindfull, og romjula har også hatt mykje vind og regn. Mildt vêr og ingen snø og lite som minner om jul ute, men inne vert det heldigvis litt jul uansett:-)

3 kommentarer:

Unknown sa...

Ja, det har vore mykje veir i det siste. Rett og slett skummelt å vere ute. Blitt mykje innetid i jula :/
God jul :)

Gjengen framma dala sa...

Synst dokke he fått nok no.

Gjengen framma dala sa...

Synst dokke he fått nok no.