Det har vorte lenge mellom oppdateringane i det siste, så eg får prøve å oppsummere litt siste tida.
28. september fylte Mariell 4 år. Ei stor jente no, som har skjønt kva bursdag handla om, og var klar i si tale når selskapet skulle planleggast.
Vi hadde først barneselskap, så familieselskap etterpå, og i alt stresset vart det ikkje tatt så mange bra bilete, men litt må vi få vise fram likevel.
Mariell i prinsessekjole som ho fekk i gåve frå oss.
Familen samla. Trongt om plassen når vi er alle. Besten har sikra seg at han ikkje skal skitne ut skjorta si. Fin stil, som vanleg.
Mariell bestemte at ho ville invitere alle jentene frå barnehagen, og for at Marius ikkje skulle kjede seg i lag med alle jentene, fekk han lov til å invitere ein gut til selskapet.
På slutten av barneselskapet fekk Marius og Mariell lov til å røpe ei lita hemmelegheit; nemleg at dei skal få seg ei lita syster eller ein bror til neste år. Det var stor stas for dei å få vite, og endå større stas å få fortelje.
No gler dei seg veldig, og snakkar om det veldig mykje. Det blir nok ei litt lang ventetid.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar