måndag, april 28, 2014

Jula 2013

Julafta i år vart utan snø, og slik som resten av vinteren har vore: mild og vindfull.

Ungane gleda seg stort i år. Forventningane veks etterkvart som dei vert eldre.

I år var det Annemor og Svein Ivar som feira jul attmed oss.

Desember og jul 2013 072

Desember og jul 2013 071Desember og jul 2013 068Desember og jul 2013 061

Alle julegåvene måtte prøvast med det same, både ski og ukulele, heisekran og vev.

0150544775f43bde82e35c5b4a8dd9c75aadb2dc88019324399b568f5687e9281554f0d969e97e3691ac

01b0d4d1eba5abed487661ab1aa077c128c2556a17 

Legobygging og speling vart det også mykje av i jula.

Marius og Mariell har (heldigvis) ikkje fått seg playstation eller andre spelekonsollar enno, så vi held oss til gode gamle brettspel og kortspel endå. Spørs kor lenge vi klarer å halde igjen det presset no då…

Marius er veldig glad i å spele, og går aldri lei. Mariell er litt liten til å skjøne spel med for mange reglar enno, og ho endar ofte opp med å sabotere litt, (til Marius si store fortviling!) men det kjem seg for kvar gong.

I romjula var vi i juleselskap både her og der, men det vart dessverre tatt veldig lite bilete.

Siste dagen i året vart Marius og Mariell sjuke, og hadde feber nyttårsafta. Dette viste seg å vere streptokokkar i halsen, og var ganske langdrygt. Audun fekk det også. Berre mor sjølv gjekk klar.

Det nye året starta med ein januar utanom det vanlege. Tørt og mildt, og med til dels stor skogbrannfare. Ikkje heilt vanleg kost her på Sunnmøre, men ikkje meg i mot i vertfall. Så langt i vinter har vi ikkje hatt meir enn nokre få dagar med snø.

01853adc788c9d4541d9d44f95c13b1a807566ab76 

Ein av dei få dagane det gjekk an å gå på ski fekk vi testa slalomskia som dei fekk til jul. Men det vart med den eine dagen.

Ingen kommentarer: