Vi skulle møte elevar og lærarar på Den Norske Skole i London, og utveksle erfaringar med den nye satsinga som heiter “Vurdering for læring”, og det var spennande å sjå korleis dei jobba der. Litt “fri” fekk vi også, til å reise til sentrum og få med oss litt meir av London.
Høgdepunktet for meg var då å få sjå “We will rock you”, Queen sin musikal. Eit ord om det: FANTASTISK!
Eg og Susanne utanfor Dominion Theatre etter musikalen. Gjekk ei stund før me klarte å lande skikkeleg etter denne opplevinga.
Vi rakk også å få med oss ein musikal til seinare under London-turen. Det var på ein søndag, og dei fleste teatera har då stengt, men vi fann fram til “Thriller”, ein musikalsk hyllest til Michael Jackson sitt liv og musikken hans. Dette var meir som ein konsert, men der var utruleg mange dyktige solistar og dansarar, og ikkje minst “look-alikes”.
Ein annan stad vi var innom var Ripleys. Eit merkeleg museum, som verken eg eller Susanne hadde høyrt om før, men som vi tilfeldigvis ramla innom, og vart veldig positivt overraska over. Her var dei merkelegaste ting utstilt, slik som for eksempel på bileta her: Eit bilete laga av toastskiver, ein strikka bil, ein modell av Titanic laga av fyrstikker. Då vi ramla innom her på ein søndagskveld kl 22 trudde vi ikkje at vi fekk sleppe inn, men på Ripleys kunne dei fortelje at dei har ope 365 dagar i året, frå kl 10-24. Så veit vi det.
Eg hadde grua meg litt på korleis det vart å vere vekke frå Marius og Mariell så lenge, og hadde på førehand snakka mykje med dei om London. Dei hadde ei bok med litt bilete i, og blant anna var der bilete av Tower Bridge. Då eg stod i passeleg avstand til Tower Bridge ringde eg heim med FaceTime (videosamtale) og Marius og Mariell fekk sjå at eg stod der med brua i bakgrunnen. Då vart det plutseleg ikkje så gale å ringe heim likevel, og det var ingen tårer og triste miner. Det var berre kult. Så det kan eg anbefale til andre som skal ut og reise. Videosamtale er mykje kjekkare enn den vanlege telefonsamtalen vertfall. Teknologien no til dags altså!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar