onsdag, april 30, 2014

Marius 6 år

DSC00027

8. mars vart denne kjekke karen 6 år. Snart skulegut og greier. Så klar. Bursdagen hadde han nedtelling til i fleire veker, og var flink til å hjelpe til med førebuingane. Først var det barneselskap, så familieselskap. Litt av ein dag. Det var ein sliten, men fornøgd gut som la seg i senga om kvelden. Smilande. Varmar mamahjertet godt.

DSC00032

Kompisane spelte Uno i selskapet.

Seinare var det skattejakt med rebus, og skatten var sjølvsagt gullpengar (med sjokolade i)!

 

 

 

 

DSC00029DSC00028

Først måtte dei finne alle bokstavane, så pusle dei saman til eit ord. Det gjekk ikkje så lenge før nokon ropte  “badekar”, og heile gjengen storma ut på badet for å finne skatten.

Stas å ha så mykje besøk på same dag, og ekstra stas når onkel Svein Ivar kjem heilt frå Sogn.

DSC00038

Til slutt må eg ha med eit bilete av dei to godingane våre. Ikkje alltid dei er like gode vener, og krangling kan det vere både nok og for mykje av til tider. Men så er dei så inderleg glade i kvarandre også.

Ingen kommentarer: