Målstreken nærma seg raskt. Terminen var 1. april, og nedtellinga starta ekstra tidleg denne gongen, sidan siste del av svangerskapet var smertefullt for mor. Siste vekene var ikkje gode, og eg var delvis innlagd på sjukehus. Heldigvis var alle prøver fine, og alt såg bra ut med babyen i magen. For mor var det slitsomt å vente, og fleire veker utan søvn tok på.
Men ei veke før termindatoen bestemte veslebroren seg for å kome.
Tysdag 25. mars, kl 13:38 vart vi foreldre til ein nydeleg gut. 3965 gram og 52 cm lang.
Berre nokre timar gamal.
Så var det nokre spente storesysken som fekk kome på besøk og helse på broren dei hadde venta så lenge på. Farmor kom også ein tur for å helse på.
Så plutseleg skjedde ting fort…
Vi fekk vite at metninga i blodet til veslebroren vår var litt lav, og at barnelegen i Ålesund ville sjå på han. Så det vart ein køyretur i ambulanse midt på natta, og plutseleg var vi innlagde på neonatal avdeling på Åse.
Der ute vart det full sjekk av heile guten, og det var lite eg som mor kunne gjere anna enn å sjå på/legge meg. Heldigvis vart eg forsikra om at det ikkje var grunn til bekymring, og at dei berre ville vere heilt sikre på at det ikkje var noko alvorleg gale.
Morgonen etter fekk eg forklart at det var ein klaff i hjertet som skal lukke seg under fødselen, som ikkje hadde gjort det. Dette skal normalt skje under fødselen eller rett etter, men i enkelte tilfeller tek det litt lenger tid, og det var sikkert slik med vår gut. Vi måtte vere der for å fylgje med dette. I tillegg hadde guten vår teikn til infeksjon (opphøgd CRP) og vart sett på penicillin.
Det var rart for meg å legge meg til å sove i ei seng åleine, på eit rom på fødeavdelinga i 8. etg, utan baby, og vite at min baby låg i 2. etg tilkopla slangar og ledningar.
Etter nokre dagar fekk vi heldigvis sleppe slangar og sonde. Marius og Mariell måtte vente lenge på å få heim veslebroren, og første besøket til Åse vart utan å få sjå veslebroren også, sidan dei ikkje kunne kome inn på avdelinga (pga RS-virus og smittefare). Dei tilsette på avdelinga var fantastisk flinke og snille. Andre gongen Marius og Mariell kom på besøk fekk vi ta dei med på Leikeland, og det var veldig godt for både oss og dei. Etter mange veker med ei mamma som var på sjukehus, og ein veslebror dei ikkje kunne ta med heim, var det godt å få litt kvalitetstid i lag.
Endeleg kvitt alle ledningar, og vi fekk flytte på familierom.
Og endeleg fekk Marius og Mariell også besøke oss.
Kristian kom også på besøk.
Etter 7 dagar på sjukehuset fekk vi endeleg reise heim, glade og takknemmelege for at vi fekk med oss ein frisk og fin gut heim.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar