tysdag, juni 03, 2014

Første tida heime med Mathias

Dagane går fort. Første tida heime med Mathias har vore litt prega av mageknip. Han har skrike mykje om kvelden, og mange har bytta på å gå med han rundt omkring i stova. På dagtid har han vore rolig, men søv berre korte stunder. Akkurat det har vore litt slitsomt (og nytt...) for ho mor. Heldigvis har det begynt å endre seg litt no. Mange har vore på besøk til oss også, og mange har hatt med gåver. Litt bilder frå første månaden til Mathias kjem her:


Mathilde på besøk.


Søv søtt i vogga si.


Så fredeleg...


Onkel Svein Ivar på besøk. Vi har spurt han om å vere fadder til Mathias, og det ville han. Gler oss til barnedåp 22.juni.


Mariell vert aldri lei av å prate med Mathias, og er veldig kry og stolt storesøster.




Stas å få halde broren.


Farmor har gått nokre runder rundt om i stova med ein hylande Mathias, men er aldri vanskeleg å be dersom vi vil ha litt hjelp.


Dei første smila er alltid spesielle. Nokre er vel berre mageknip også, men likevel så fine.


Og når Mathias ikkje vil sove, må vi vere kreative for å få ting gjort. Husarbeidet går heldigvis ingen stader..


På besøk med besta.


- Anette

Ingen kommentarer: