Tenk at vi har tre friske ungar, som alle er i kvar sin sjarmerande alder. Alle sprudlande, på kvar sin måte. Vi har mykje å vere takksame for.
Eit bittelite vesen, allereie med personlegheit og vilje. Skal tru kva du vert for ein kar?
Eit blikk som klarer å smelte eit mammahjerte og eit pappahjerte. At det går an å bli så glad i nokon så fort! Og kor vondt det er å tenkje på om noko skal skje med dei vi er så glade i. Det er vel det som er å vere foreldre…
Mariell. Pratsom, spørjande og med eit sprudlande humør. Mariell har vorte stor jente etter ho vart storesyster. Ho er nysgjerrig på mykje no, og spør ofte kva ting betyr. Ofte får vi oss nye oppdagingar i korleis eit lite barnesinn tenkjer. Ofte er det meir logisk enn vi anar, andre gongar kan det vere så komplisert at vi ikkje forstår. Gullkorna kjem så ofte at vi rekk ikkje å skrive ned alt. Så god og smilande, og så glad i brorane sine.
Marius. Ein snillare gut skal ein leite lenge etter. Sjølvsagt er eg innhabil som meiner dette som mor, men det er noko heilt spesielt med Marius. Han kan sjølvsagt vere både rampete og ulydig også, som alle friske 6-åringar kan. Hadde vore rart om ikkje. Likevel er han så omtenksom og snill mot oss at han veit nesten ikkje kva godt han skal finne på. Han dekker gjerne frukostbordet til oss før vi har stått opp. Kokar egg til alle, sjølv om han ikkje likar egg sjølv. Veit korleis alle vil ha det, og huskar alt som han blir fortalt. Er sjølvstendig og hjelpsom. Ei god hjelp når vi ber han om noko, og han ordnar det meste. Mariell kan ikkje vere lenge vekke frå han før han saknar ho, sjølv om dei kan slost som hund og katt når dei er i lag. På sengekanten får vi ofte høyre kva han grublar på, og ofte tenkjer han på korleis andre har det.
No er han snart skulegut, så klar, og så forventningsfull. Så stor. Skulle ønske vi kunne stoppe tida og ha det slik ei stund, for denne tida går så alt for fort.
Våre tre..vi kan ikkje verte rikare enn dette.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar