Årets julebilete var ei utfordring å få til.
Det same var årets julekort..
Fekk det til på eit vis, men det var vanskeleg å få alle på bilete på same tid.
Julafta feira vi heime, med AVLØYSAR! Tenk, frå 22. – 26. desember hadde vi avløysar i fjøsen, og det gjorde at Audun fekk vere inne heile kvelden. Utruleg kjekt, og sikkert lenge til neste gong. Ivar og Åshild åt middag med oss, og var her utover kvelden. Ei fredeleg julefeiring, med to forventningsfulle og ein som tok det heile med knusande ro, uvitande om kva som var i vente.
Ut på kvelden avslørte vi den største gåva vi hadde til ungane.
Dei hadde fått vite på førehand at det var ei gåve som ikkje gjekk an å pakke inn.
Vi hadde bestilt tur til Gran Canaria i lag med Ivar og Åshild, og den avslørte vi ved å gi dei ein lapp med bilete og tekst. Både Marius og Mariell klarer å lese litt, og dei las lappen i lag. Med det same skjønte dei ikkje heilt kva det var, men etter nokre dagar var det tydeleg at dette var noko dei gledde seg stort til.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar