søndag, februar 15, 2015

Mariell fylte 5 år.

28. september vart “lisjejenta” vår 5 år, og ho er ikkje så lita lenger. Dagen hadde ho sett fram til lenge, og det var med litt blanda følelsar eg oppdaga at vi hadde invitert 17 stk til barneselskap! Dei fleste veit at vi ikkje har så god plass her på loftet, men utruleg nok gjekk det over all forventning.

Mariell kosa seg, og det trur eg gjestane også gjorde. Marius hadde ein idé om at alt skulle vere slik det var i bursdagen hans, med skattejakt og rebusløp osv, og han vart litt skuffa når han skjøna at vi ikkje kunne ha same gøymeplass og same gåte…men det gjekk veldig bra med ny vri også.

Mariell 5 år sept 2014 014

Fine femåringen vår.

Mariell 5 år sept 2014 033Mariell 5 år sept 2014 032

Kjekt med søskenbarn på besøk.

Mariell 5 år sept 2014 030

Besta hjalp til slik at Mathias også fekk litt mat når matmor var stressa..

Mariell 5 år sept 2014 025Mariell 5 år sept 2014 023

Nokre måtte stå, andre måtte sitte på golvet…gjekk fint det også.

Mariell 5 år sept 2014 021Mariell 5 år sept 2014 019

Laaang kake, og laaangt bord.

Ingen kommentarer: