fredag, februar 12, 2016
Gran Canaria, februar 2015 - del 1.
fredag, mars 06, 2015
Kveldsrutinene må på plass igjen, etter seine kveldar og mykje selskap.
Dei tidlege morgonane med kreative påfunn frå dei to største er raskt på plass igjen.
Fjøsstell for store og små.
Mariell begynner på ballett igjen. Trikken på ski, fotballtrening og barnetrim er vi også med på, så dagane er travle.
To som likar å hjelpe til med matlaginga. Gull verdt dei gongane vi får tid til å gjere sånt i lag.
Minstemann vil også hjelpe til.
Heldigvis har vi fått nokre fineversdagar også, så vi har fått testa både ski og pulk. Her var det Åse-Lill og Oliver som var med oss på skitur.
fredag, februar 20, 2015
Selskap og late dagar i romjula
Marius fekk seg bilbane, og den vart mykje brukt.
"Den forsvunnede diamant" er favorittspelet til Marius og Mariell.
Denne karen her har alt vorte ni månader i jula.
Knusing av pepperkakehuset er alltid eit høgdepunkt.
Juleselskap på "gamle øl" i år. Vi har vorte så mange at vi tenkte det var enklast å berre leige eit lokale. Mamma fekk låne dei gamle lokala til "gamle øl", som dei venninne har kjøpt og pussa opp. Her var det koseleg og god plass. Ein triveleg dag med mykje god mat og god prat.
På nyttårsafta inviterte vi mamma og pappa, Annemor og Svein Ivar på svineribbe. Eg har aldri laga det før, så eg var veldig spent. Middagen vart heldigvis bra, og det vart ein veldig kjekk dag.
Maten er klar.
På Sæbø var det, tradisjon tru, tid for nyttårsplakatar. Vi var for ein gongs skuld ned for å sjå, og jammen hadde dei ikkje laga plakat av meg i år. Den såg eg ikkje kome. Artig sak.
Marius fekk prøve det nye fjernstyrte helikopteret sitt på jobben til Audun, for der er så god plass.
Og han blide karen her syntest det var kjekt å vere med også. God plass å trille og mykje å sjå på. Den fine strikkagensaren fekk han av besta til jul.
søndag, februar 15, 2015
Jula 2014.
Årets julebilete var ei utfordring å få til.
Det same var årets julekort..
Fekk det til på eit vis, men det var vanskeleg å få alle på bilete på same tid.
Julafta feira vi heime, med AVLØYSAR! Tenk, frå 22. – 26. desember hadde vi avløysar i fjøsen, og det gjorde at Audun fekk vere inne heile kvelden. Utruleg kjekt, og sikkert lenge til neste gong. Ivar og Åshild åt middag med oss, og var her utover kvelden. Ei fredeleg julefeiring, med to forventningsfulle og ein som tok det heile med knusande ro, uvitande om kva som var i vente.
Ut på kvelden avslørte vi den største gåva vi hadde til ungane.
Dei hadde fått vite på førehand at det var ei gåve som ikkje gjekk an å pakke inn.
Vi hadde bestilt tur til Gran Canaria i lag med Ivar og Åshild, og den avslørte vi ved å gi dei ein lapp med bilete og tekst. Både Marius og Mariell klarer å lese litt, og dei las lappen i lag. Med det same skjønte dei ikkje heilt kva det var, men etter nokre dagar var det tydeleg at dette var noko dei gledde seg stort til.
Desember 2014
Det merkast at ungane vert større, og kanskje er akkurat desember ein månad der ein merkar slikt ekstra godt. Alt dei er med på skal ha “avslutning”, og forventningane til alle juleaktivitetar vert større for kvart år. Før gjekk det an å “gløyme” enkelte ting, men no passar dei på og får med seg alt som skal skje. Her er noko av det vi har gjort:
Baka julemannar og lussekattar med Besta.
Luciafeiring i barnehagen.
Hjørundfjord barnekor og mange andre aktørar med framsyning av syngjespel i kyrkja for å feire 150-årsjubileet til Ørsta Kyrkje.
Laga heimelaga julegåver.
Ballettshow.