laurdag, mai 19, 2007

Ei lita pause...

Det er ikkje alltid like enkelt å vite kva ein skal fylle sidene med, og av og til er det bere godt å ha ei lita pause frå datamaskina. I det siste har mykje av tida gått med til å utforske Facebook, nettsamfunnet som er i vinden desse dagar, og det har vore veldig kjekt å finne gamle kjende der, og ta opp att kontakta etter at vi har flytta til kvar våre kantar.
I det siste har vi også sysla med ein del bryllaupsførebuingar, og har fått i hop nokre songar, og sett litt på bordplassering. Det var vanskelegare enn me hadde trudd, men håpar til sjuande og sist at alle vil ha det triveleg attmed bordet, og den/dei dei er plasserte ilag med.
Vi gler oss også veldig til helga som kjem (26. mai), for då skal vi i bryllaup på Haramsøya til Solveig og Kenneth. Dei har ein bryllaupsblogg som vi ofte er innom å kikar på, og no nærmar det seg fort den store dagen deira. Det skal verte spennande!

I går, fredag, var eg og Lene til Ålesund for å finne kjole til Lene. Vi har leita overalt, og har ikkje funne noko som passa, men i går fann vi endeleg ein nydeleg kjole! Og ikkje nok med det, men når vi tilfeldigvis stakk innom brudebutikken etterpå, så fekk eg vite at kjolen min var komen også, så då vart det prøving av sko og tilbehør også!!
Etterpå var vi på Moa og kjøpte diverse bordpynt og til slutt fann vi lys og serviettar på Bohus. Så alt i alt var vi veeeeeldig fornøgde med dagen då vi var ferdige.

3 kommentarer:

Solveig sa...

E det ditta som e pynten? Ser kjempefint ut!!!! Gle mej te å sjå korleis dåkke gjer det :) Oss e akkurat ferdige med bordkort idag. Godt å ha det unnagjort. Ellers so vise det sej at det e masse småting so tek masse tid igjen no når det nærma sej, so her i huset gjeng det stort sett i bryllup, bryllup og atter bryllup :)

Dagfinrud Moe sa...

Bilde so ej la til på sida e bere juks, men d e ikkje so veldig longt frå sannheita...d e lysegrøne lys, å litt perle på streng, som ej helde på å lage no, å so e serviettane ganske nøytrale, nesten kvite. Bordkorta hekje me bjynt på endå, e på idémyldringsstadiet endå der... Ej gler mej sånn til bryllaupe dokka, d verte so kjekt å få samla gjengen vår igjen, å so å få sjå dej som brud! Du kjøme til å verte ei nydele brud, ej ser d føre mej. Men he du en idé om ka slags kake ej ska lage? Ej e veldi go på å lage sånn kefirkake, (sjokolagekake) men d e kanskje ikkje d du trenge? Bere sei frå vertfall, so ska ej prøve å lage ette ønske :-) Lykke til me planlegginga vidare no siste veka!

Solveig sa...

Heilt supert med sånn kefir-sjokoladekake! Oss he berre ei sånn brettkake frå før, og det e no sånne kake ej synst e god i alle fall ;) Dessuten so e det no enklare å frakte med sej ei sånn kake når du skal komme heilt frå Ørsta. Osso kan du no lage den litt før med, for dei e no nesten bedre dess lenger dei stend dissa! Kjempegreier!!