tysdag, mai 01, 2007

Langhelg...

Denne helga har berre vore heilt hærleg. Fint ver og skikkeleg vår-stemning. Vi har både fått gjort unna litt praktiske vår-gjeremål, litt bryllaupsførebuingar, og vi har fått slappa av og kosa oss.

Fredag fekk vi besøk av Gunnhild og Kenneth, og dei hadde med seg vesle Alette, som no har vorte 2 mnd. (Tida flyg!!)















Vi har fått ordna med bryllaupskake, bestilt på Westre`s bakeri.








Vi har pussa og beisa oppatt hagemøblane våre...Dei hadde visst sett sine betre dagar, men det kom seg med litt stell!















Elles har det vore mykje fint motorsykkelføre i helga, så vi har vore på nokre små og lengre turar.
Idag, 1. mai, har vi vore på Amcar-treff i Fosnavåg. Der var mange flotte bilar og syklar. Vi køyrde ilag med Per Helge og Hilde, Randi og Egil. Det var veldig mange som køyrde sykkel frå Ørsta. På ferga var det 25-30 syklar. Kjekt å køyre mange ilag.


Hilde på ferga.













Anette framfor den råaste bilen!












Per Helge sin sykkel.













På restaurant og fekk oss kinamat.

Ingen kommentarer: