
Idag, på veg heim frå bryllaupet, vart Audun kidnappa av ein gjeng med kompisar som skal ha han med på utdrikkingslag. Alt var nøye planlagt, og det gjekk også heilt etter planen, utan at Audun hadde ein einaste mistanke...hehe..
Så no er dei altså ute på tur, og eg må pleie meg med tolmod til imorgon før eg får vite noko meir. På biletet er Audun igong med å pakke etter gårsdagens bryllaup, vi måtte rekke ei tidleg ferge (tilfeldigvis)...

Det var tendensar til panikk då bilden til Britt Elin og Karl Oskar ikkje ville starte. Vi måtte rekke ferga!! Men med startkablar i bilen vart heldigvis problemet løyst i rekordfart, og vi kunne slappe av igjen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar