I går vart Audun 28 år, og vi hadde bursdagsgjestar. Audun fekk til og med levert pakke på døra, i frå Eiksenteret. Han forstod nok teikninga og fann fort ut at det var Annemor og Sverre som sat i Valldalen og organiserte eitkvart sidan dei ikkje kunne vere i lag med oss i går.
Dei hadde kjøpt verneklede som Audun kan bruke når han brukar motorsag. Vi forlangte å få sjå om kleda passa, og han såg nesten ut som ei prøvedokke der han stod med alt utstyret på, jakke, bukse, støvlar og hjelm.
Ut på kvelden fekk vi besøk av Ivar og Åshild, og Kristian og Pegge.
Vi spretta resten av bryllaupskaka, og kosa oss med heimelaga is som eg og Kristian laga i haustferien.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar