Ken-Tony, ein tidlegare elev, har vorte ein veldig stor fan av Hellbillies. Vi har spelt mykje Hellbillies på skulen, og Ken-Tony har vorte ein dyktig, ung gitarist. I går fylde han 13 år, og fekk siste cd'en av Hellbillies og ei T-skjorte med bilete av dei på i gåve av foreldra. Dei har spurt meg om å hjelpe til å ordne eit møte med Hellbillies når dei i kveld spelar på Rokken i Volda, og vi var så heldige at vi fekk kome bort å snakke med dei. Dei delte villig ut autografar, og inviterte oss til lydsjekk kl 20.oo. Sidan Ken-Tony er for ung til å kome inn på konserten kjem dette til å verte stort å få vere med på.

Medan vi stod og prata med Hellbillies kom det ein journalist for å høyre kven vi var, og Ken-Tony måtte fortelje kva vi var komne for. Det viste seg at journalisten skal fylgje Hellbillies på turnéen dei skal til på no, og kjem til å skrive om den i VG. Så vi må fylgje med i VG til neste helg, sa han.
På biletet ser vi Lars Håvard Haugen, Ken Tony Hamre og Aslak Haugen.
No skal vi til Volda på lydsjekk snart, og så skal eg legge ut fleire bilete etterpå. Dette vert stilig!
1 kommentar:
Supert at det gjekk i orden! Dette blir nok eit minne for livet for han... :) Klem Susanne
Legg inn en kommentar