Idag har vi vore på sjukehuset for å ta ultralyd. Kristian var også med bort, og syntest det var kjempespennande å sjå babyen i magen. Vi fekk sjå at alt var bra, hjertet slo, og hender og føter sprella. Vi fekk også sjå eit veldig klart og tydeleg bilete av ansiktet. Utruleg kva som går an!Det var eigentleg meininga at vi skulle både filme og ta bilete då vi var på undersøkinga, men vi sat der med fotoapparatet i handa, og pluttsleg var det heile over.. No skal babyen berre vekse seg stor og sterk, og ferdig til å kome ut :-)
(Illustrasjonsfoto)
3 kommentarer:
So kjekt da! Og so bra at alt va som det skulle! :-) Klem
Åååå kor arti! En liten sprellemann? Alette me låg berre å sprella. Godt å vite at alt va bra :-) Ej kosa mej me eple ej nam nam... :-)
Ja, d va veldig godt å få bekrefta at alt såg fint ut. Veldig aktiv liten krabat vertfall, ej bjynde å kjenne d no..
Legg inn en kommentar