Nestemann er Vetle Johan, som hadde bursdag igår, 26.februar.
På same dag hadde vi også ein stor jubilant i familien: Onkel Magnar fylde 80 år! Magnar er bror til Ivar, og bur på Farstad i Fræna kommune. Den store dagen skal feirast på laurdag, og Ivar og Åshild er gjestar der. Som ei overrasking hadde dei næraste ordna med ei litt spesiell gåve til Magnar. Dei sende ein flybillett til Lofoten, der Paul Dagfinrud bur, for at han skulle få kome å feire dagen ilag med brødrene sine. Kjekt at dei tre brødrene får samlast, for det er ikkje så ofte det skjer når ein bur så langt ifrå kvarandre.

Vi gratulerer Magnar med den store dagen, og håpar overraskinga fall i smak!
1. mars har vi også ein bursdag å feire, for då er Eskild 16 år. Og sidan det berre er nokre få dagar i mellom bursdagen til Eskild og Vetle, så feirar vi dei begge to ikveld.

Gratulerer Eskild og Vetle!!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar