I selskapet til Eskild og Vetle på onsdag skulle det vise seg å verte vanskeleg å få bilete av jubilantane. Sidan dei begge er veldig engasjerte i fotballen, er det trening som kjem før alt anna, og selskapet måtte vente lenge før dei dukka opp. Eskild kom heim og var godt fornøgd med å ha fått vore på ei av sine første treningar i lag med juniorlaget. Vetle vart heilt forlegen når han såg alle gjestane, så han forsvann fort i dusjen...Den drivne paparazzien rakk ikkje ein gong å leite fram kameraet før han var vekk.

Eskild var der så lenge at vi rakk å få eit lite bilete. Etter det var det ein hane som kom i fokus. Janne held på å strikke påskepynt, ein grøn, litt snodig kar, som etterkvart vart litt av ein sjarmør og ein stram kar, berre han fekk seg litt ris...

Godt samarbeid!

Sjå berre, kor stilig han vart. Her er det berre å ta patent, Janne!


Mathilde er alltid like blid.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar