laurdag, februar 09, 2008

Siste dag på jobben før permisjon...

Fredag hadde Anette sin siste dag på jobb i lag med elevane. Det var også siste dag før elevane skal ha ei veke med vinterferie, og vi avslutta dagen med å ha karneval. Her var det utruleg mange artige kostyme.















Sjølv vi lærarane måtte kle oss ut. Her er det Fride som ordnar snurrbart til meksikanar-kostymet til Anette.















Susanne og Benjamin var stilig som nonne og klovn.















Anette og Fride måla elevane med ansiktsmåling. Det vart mange flotte dyr og hekser etterkvart. Til slutt skulle vi kåre beste kostyme, både elevkostyme og vaksenkostyme var med i kåringa. Det var premie for artigaste kostyme, skumlaste, vakraste og beste vaksen. Til å velje ut beste vaksenkostyme var 7. klasse jury.




















Denne søte marihøna fekk diplom for vakraste kostyme.
















Meksikanarkostyme var beste vaksenkostyme syntest 7. klassingane, og Anette måtte fram og ta i mot diplom. Det kom også ei lita overrasking frå to av elevane, som hadde vore og kjøpt pakke til babyen, ein fin velur-kosedress med genser til. Tusen takk Mathilde og Martine!

Komande veke er det rydding på arbeidsplassen som står for tur, så alt er klart for vikaren som skal ta over klassa i permisjonstida. Skal sei det vil verte rart å ikkje få vere i lag med elevane på nesten eit heilt år.

Ingen kommentarer: