Men det kjem alltid nok regnversdagar til at vi får sitte inne framfor PC'en seinare, for no har visst fineveret tatt ei pause, gitt..Ikkje heilt uventa.
Høgdepunkta den siste veka er meldingane som har tikka inn på telefonen, om nye babyar som har kome til verda. Først ut var lærarskulevenninna til Anette, Solveig, som fekk ein gut 16. mai.
Kasper, som han har vorte kalla sidan Solveig berre var nokre månadar på veg, vart veslebroren til Emma og Thea.

Søndag var Anette og Marius på besøk for å sjå Kasper, og han var ein søt liten sjarmør. Akkurat då vi var på besøk fekk han litt mageknip, så det var ikkje så kjekt å ta bilete. Vi får ta det igjen seinare.
(Her ser vi Solveig til venstre for Anette.)
På sjølvaste nasjonaldagen fekk ei anna venninne frå lærarskulen, Siril, ei jente. Ho var stor og lang, 4100 gram og 55 cm lang! Nesten like lang som Marius er no det...eller, kanskje ikkje, såg vi då vi la dei ilag då vi var på besøk idag. Marius har vorte stor gut han no visst. Nesten litt trist at han ikkje er heilt baby lenger.
Her er det Tiril som held veslejenta attmed Marius for å sjå om dei var like lange.
(Siril står til høgre for Anette på biletet ovanfor)
18. mai fekk vi også melding frå ei som Anette har gått barne- og ungdomsskulen ilag med, Marna. Ho fekk ein gut med komikaren Ørjan Burøe.
2 kommentarer:
Tusen takk for oppmerksomheten:)
Koselig at du har lagt oss inn:)
Klart dokke må inn på her!! Me he gleda oss lenge til å få besøke dokke på sjukehuset. Å so va ho no so nydeli ho Tilda me, skikkele flotte baby!<3 <3
Legg inn en kommentar