fredag, mai 30, 2008

Tur rundt Bjørdalsvatnet

Onsdag var Anette og Lene ilag med golla sine på trilletur rundt Bjørdalsvatnet. Der vart det etterkvart mange stopp for å ta bilete, både av naturen og av borna.

Stilt vatn.

Prøvde å vere litt kunstneriske her, men fekk ikkje heilt til det som var tenkt...meininga var å få vatnet til å sjå ut som røyk ved å bruke lang lukkartid, men det var for lyst til det, så då vart resultatet slik istaden.



Det kom sauer og lam, og det var spennande å sjå på for Leah

Å vekse i vatnet er ikkje noko problem for denne blomsten...

Då vi kom heim var det tid for ei lita kvild, og litt kos.

Leah kosar seg på golvet, og elskar å verte fotografert! Ser nesten ut som ho har øvd litt på posituren også :-)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Heisann:) Vart no kjempemonge fine bilde ditta Annette!! Berre å seie frå en dag, so tek vi gjerne runda ein gong til rundt vatnet:) Gratulere so mykje me vel overstått dåp:) Såg og haure at alt gjek fint, kjempeflott!

Anonym sa...

Ja, d må me jer. Va en kjempfine tur ditta:-)
Dåpen gjekk kjempefint ja. Dokke må no ta dokke en tur å hjelpe oss å ete opp restane!