søndag, mai 25, 2008

Bryllaupet til Gunnhild og Kenneth

I går vakna vi til nydeleg flott sommarvêr, og rammene for bryllaupsdagen til Gunnhild og Kenneth kunne ikkje vere flottare. I Hjørundfjord kyrkje vart dei via, og festen etterpå heldt dei på Grendahuset i Bondalen. Det var ein kjempefin dag, med mange fine taler, god musikk og lystig lag. Vi som kjenner Gunnhild veit at ho er veldig glad i å organisere og planlegge, og det var heilt tydeleg at denne dagen var planlagd heilt til minste detalj. Alt klaffa, både med toastmaster, mat, fotografar og musikk. Det var heilt gjennomført!
Her er litt bilete frå bryllaupet:

Amalie og Johan (borna til Astrid) gjekk inn fremst. Gunnhild og Kenneth si jente, Alette, skulle også gå ilag med dei, men då ho såg alle folka som var i kyrkja vart det litt for skummelt.

No er dei gifte!

Kysset på kyrkjetrappa.

Brudeparet og forlovarane, Astrid og Jørn.

Litt av vennegjengen samla utanfor kyrkja. Audun, Runar, Åse-Lill, Janne og Oddhild.

Britt Elin, Karl Oskar og Torill.

Marius var med under middagen og Britt Elin hadde skikkeleg barnetekke!

Kenneth med ei litt trøtt Alette.

Torill syntest det var kjekt å endeleg få ta med seg Kai Johnny til bryllaup.

Janne og Åse-Lill på veg heim, iført nye dressjakker for anledninga..Lekkert!

Ingen kommentarer: