laurdag, mars 21, 2009

Barselpermisjon, mange valg...

Barselpermisjonen min nærmar seg slutten for denne gong. Etter at Marius vart fødd var eg veldig usikker på kva permisjonsløysing eg skulle velje. Det var vanskeleg å forstå reglane og vi fekk vel nesten ein heil "bibel" med NAV, der det stod kva du har rett til og ikkje rett til. Det som var vanskelegast å forstå var det som vart kalla "gradert uttak" eller "fleksibelt uttak". Det går ut på at ein gjer avtale med arbeidsgjevar om når og kor mykje ein vil jobbe i permisjonen, og så vert det ein har jobba, eller spart opp, omgjort til permisjon på slutten av perioden. Eg har fått lov til å jobbe kvar måndag sidan august, og det har gjort at permisjonen min varer enno, sjølv om den eigentleg skulle vere slutt i byrjinga på mars. Denne ordninga har eg vore veldig fornøgd med, for eg synest det hadde vore alt for tidleg å gå tilbake i jobb når Marius var såvidt året.
I tillegg til måndagane eg jobba fast, har eg også vore vikar etter behov, så då har eg spart opp endå meir permisjon. Den tida eg har jobba ekstra får eg også tilbake på slutten av perioden. Eg skal no tilbake i jobb 14. april for å vere vikar for ein annan kollega, så etter 6 veker med jobb, skal eg fortsette å ha litt meir permisjon...medan eg jobbar er Audun og besteforeldre heime med Marius, så vi slepp barnehage no.
Grunnen til at eg skriv så detaljert om denne ordninga er fordi at det er veldig mange eg har snakka med, som ikkje veit at dette er ei ordning dei kan velje, og dei fleste angrar litt på at dei ikkje har sjekka ut litt meir nøye på førehand om korleis dei kan ordne permisjonen sin. Det er vel slik med andre mødre enn meg også, at når vi har fått ein 1-åring i hus, og permisjonen er slutt, så vil vi gjerne få vere heime litt lenger før vi sender "småen" i barnehage. Etter mi meining er born som er så små ikkje klare for barnehage heilt enno. Eg er vertfall veldig takknemmeleg for at eg får lov til å vere heime med Marius no, for det er så mykje kjekt som skjer kvar dag, og eg får lov til å vere der og oppleve alle framsteg. Det hadde ikkje vore det same å få høyre om dagen til Marius frå ein av dei tilsette i barnehagen. Det hadde berre gitt meg dårleg samvit som mor, trur eg...Eg vil sjå framstega sjølv!

4 kommentarer:

Åse-Lill og Runar sa...

Informativt, Anette:)

Susanne sa...

Bra du forteller, tror mange velger det helt tradisjonelle fordi de ikke tenker over eller vet at det går an å velge andre løsninger.
Med mellomste begynte jeg å jobbe etter et år, men mannen min tok pappapermisjon halvannen dag i uka et halvt år ( en dag og to dager annenhver uke). Dette sammen med det faktum at han jobber litt helg og kveld gjorde at jeg kunne jobbe og minsten være hjemme med pappan. Det var deilig å kunne dra på jobb uten å levere gutta i barnehagen først:)
Begge våre har vært halvannet før de beynte i bhg 60 %, det samme kommer minsten til å være. Det har fungert kjempebra hos oss:)

Solveig sa...

Sikkert ei flott ordning ditta, Anette :-) Her hadde ho Emma et år med dagmamma før ho begynte i barnehagen, forde ej syns det va for tidlig å ha ho i barnehagen. Ho Thea bjynnt den hausten ette ho vart 1 år ( 1 år og 4 mnd) og det passa kjempebra både for ho og for oss. Ho va veldig klar for en barnehagedag, og kosa sej frå første stund. Kasper me kjem te å bjynn no te hausten når han e 1 år og 3 mnd. Og ej e sikker på at han kjem te å kose sej veldig masse han med. Og ej syns det e heilt greit å levere ungane i barnehagen for ej veit at dei he det UTRULIG BRA der! Dei fær all den støtte og oppfølging dei kan få, og he veldig masse læring i å gå der. Men ditta kjem no heilt an på ka so passa best for en sjøl og ungane, og ka situasjon en e i ang jobb (økonomi) og sånn da. Alle foreldre velge nok det dei syns e best for sine, uansett ka dei velge :-)

Dagfinrud Moe sa...

Heilt enige me dej, Solveig. Ej va litt redde for å virke litt for krass i innlegge mitt, for ej veit at det ikkje e alle som he anledning å vere heime lenger enn permisjonen. Og ej meina heller ikkje at ongane ikkje he d bra i bhg, for det he dei sikkert, men ej syns dei ska få fylle 1 år før dei bjynde. 1 år og nokre måna e nåke heilt anna enn en onge på 10 mnd. Og grunnen til at ej e litt opptatt ta ditte e at ej høyre altfor monge som velge jobben/karriera framfor å vere heime me ongane, og d hekje ej heilt sansen for...klart at en trenge penga for å betale lån osv, men d meste handla om prioriteringa.
Ordninga du fortelle om, Susanne, høyrest også fin ut. Greitt å kunne dele på å vere heime også.
Marius kjøme til å vere halvanna år nå han bjynde i bgh til hausten han også, og då trur ej han e klar til det. Veit ikkje kor stor prosent me velge endå, men det får vi sjå...