Så liten, og så nydeleg...
Litt gulsott gjorde at du låg eitt døgn i lysbehandling. Det var ikkje så kjekt for oss som så gjerne ville halde deg og kose med deg. Men varmen frå lyset gjorde at du sov godt mesteparten av tida.
Ein stolt farfar på sjukehuset. Lite visste vi då om korleis dette året skulle verte....
Flotte guten, du veks så fort.
Smilet er på plass, og det kjem lett. Humoren er det ikkje noko å seie på..
Då det nærma seg sommar vart farfar alvorleg sjuk. Etter nokre tunge veker på sjukehuset, mista vi farfar, og vi stod att med eitt stort tomrom.
Ønske om å drive gard, og at du skulle få vekse opp på gard stod sterkt, og vi bestemte oss for å drive garden etter farfar vidare. Å vekse opp på ein gard er både lærerikt og kjekt.
Hausten var travel, med pappa i arbeid både på Stål og på garden.
Den tøffe hausten gjekk på eit vis, og mykje på grunn av deg, Marius, solstrålen vår. Alltid blid og god. Det er ikkje råd å vere trist med deg i huset. Smilet og latteren er aldri langt unna, og treng mamma og pappa ei litt roleg stund er du koseguten med stor K. Beste i verda!

Utviklinga har gått i ei rasande fart, frå første gongen du rulla rundt, fekk di første tann, og til du tok dine første steg. No er du stor gut. Eitt år, tenk at det har gått så fort. Det har vorte mange bilete og videosnuttar på bloggen her, og det er mange augneblikk vi vil huske på for alltid.
Idag skal vi feire heile dette første året ditt, Marius, og vi skal vere takksame for at vi har fått ein så flott og frisk gut.
Vi er så uendeleg glade i deg, Marius'en vår.
Gratulerer så mykje med 1-årsdagen din idag!
God klem frå mamma og pappa.

Her er vår vesle familie.
4 kommentarer:
Kjempegratulerer med dagen!! Koseleg oppsummering du la ut her, kjekt å lese. :) Ha ein flott dag! Klem frå Susanne
Gratulerer so masse med dagen, Mariusvennen :) Håpe dåkke kosa dåkke masse ilag i dag. Et flott og rørande innlegg, Anette. Heldige dåkke so he kvarandre og Mariusen dåkka :) klem
Flotte bilder av en nydelig gutt! :-D Ikke lenge til min lillegutt fyller ett år også! ;-)
Tida går fort ja! Minsten her er 2 1/2 mnd:)
Spreke dere er som driver gård!!!
Legg inn en kommentar