Etter ei lang pause frå blogginga er det nok fleire som lurer på kva som skjer. Mykje av grunnen til bloggtørka er at vi har vore mest i Bondalen i det siste, og der har eg ikkje hatt internett på datamaskina mi med bileta mine på.
Oppussinga på loftet har kome eit stykke på veg, men vi har innsett at vi ikkje kan bu kvar for oss til det er heilt ferdig, og sidan Annemor no er i full gong med å flytte til Ørsta, har vi funne ut at vi må ta i bruk 1.etg i første omgong, og vi vil bu her til loftet er heilt ferdig, så flyttar vi opp.
Dette er heilt annleis rekkefølge i forhold til korleis vi såg det føre oss, men slik det har vore no siste månadane har det ikkje vore til å halde ut. Å vere familie og bu på to plassar er ikkje noko kjekt, det kan eg skrive under på. Men ting tek alltid lenger tid enn ein trur, og slik må det altså verte no...
Vi har flytta bort litt møblar, men har eit lite dilemma der også. Vi vil nemleg veldig gjerne at vi skal ha huset på Ose møblert når vi skal ha visning. Det ser så stusseleg ut når det er tomt...Så mesteparten av møblane vil vi ha ståande på Ose, så får vi prøve å gjere det beste ut av det på begge plassar.
Det har vore nokre bursdagar også sidan sist eg blogga.
Først feira vi mamma Åshild sin 65-årsdag med middag på hotellet den 21.februar.
Så vart Vetle 14 år 26.februar og Eskild vart 17 år 1.mars.
Ein annan bursdag som nermar seg med stormsteg er 1-årsdagen til Marius. Den dagen kjeme nesten for fort for min del, eg er ikkje heilt klar til at lisje-Marius'en vår har vorte så stor. Synnøve skreiv så godt på bloggen sin, det var godt skrive og akkurat slik eg føler det også. Les kva ho skreiv her.
Marius er for tida frisk og rask og han går som berre det, spring faktisk.
Det er mykje kjekkare no når han kjem seg fort fram dit han vil utan å vere avhengig av handa til mamma. Nokre knall og fall har vi, men ikkje så mykje som vi kanskje frykta.
Jaja, dette var ei kort oppsummering, men eg skal prøve å kome med litt meir etterkvart, og kanskje også litt bilete når internett er i orden på mi maskin.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar