Vi hadde ein litt annleis dåpsseremoni, sidan den var på Ørstaheimen (sjukeheim). Dei eldre såg ut til å synest at det var stor stas med eit dåpsbarn på besøk.
Etterpå hadde vi middag og kaffi på Legene, klubbhuset i Åmdalen. Vi hadde bestilt mat på Mega, noko vi er veldig fornøgde med. Dei laga sosakjøt til oss, og det var kjempegodt. Kan anbefalast!
Vi var 26 personar, og hadde ein koseleg dag ilag med familien.
Alle fire..
Janne og John Åge, som er sambygdingar og vennepar av oss var fadderar til Mariell. Christina er også fadder, men kunne desverre ikkje kome heim denne helga.
Her er farmor Annemor med dåpsbarnet. Kjolen er det bestemor til Annemor som har sydd til dotter si, som vart døypt i 1904. Kjolen har sidan vore brukt i dåpen til Annemor og hennar syster, Svein Ivar, Per Helge, Audun, Kristian, og no Mariell. Nydeleg kjole som vi synest det var veldig stas å få bruke.
Ei stor takk til Lene og Åse-Lill som var supre kjøkkensjefar!
1 kommentar:
Gratulerer med dåpsbarnet! Kjekt at dagen gjekk så fint :) og for ein nydeleg kjole, ekstra flott når kjolen har slik historie også. Ønska deg og dine ei god og fredfull julehøgtid. Juleklem fra oss :)
Legg inn en kommentar