Etter middagen var det pakkeåpning til den store gullmedaljen. Vi var spent på kor lenge Marius ville halde ut, men han var ikkje i seng før kl var 21.30, og hadde det vore opp til han hadde han nok vore godt fornøgd om han berre fekk leike med den første leika han pakka opp, nemleg ein fin, raud Massey-traktor. Den fall i smak med ein gong, og han slapp den nesten ikkje for heile kvelden. Einaste då han fekk åpne opp pakken med akebrett. Det såg vi at han vart glad for, og han sette seg på det med ein gong (etter det var montert, vel og merke...) og svinga på rattet.
Mariell et og søv, og er ganske så bedageleg for tida. Ho kan ha nokre skriketokter innimellom, men det var det lite av i går heldigvis.
Marius plukkar restar ut av smekka. Kan ikkje la maten kome vekk...
Nedst er eit bilde av heile gjengen, Marius hadde ikkje heilt tid til dette, så det var ikkje lett, men her er vi vertfall: Familien Dagfinrud Moe, jula 2009.
Idag var det ut i snøen for å prøve nyeakebrettet. Stor stas å få køyre i full fart. Å "gå" på opp att er også stas, i vertfall for den som slepp å drage kjelken. Marius fann ut av det var kjekt å "ramle" av (med vilje ja..), slik at han måtte få hjelp til å kome seg opp av snøen igjen..så smilte han triumferande etterpå.
Her er godguten vår. No ligg han i senga, utslitt etter akinga, med raude kinn og ein kopp kakao som står og ventar.
Ha ei fortsatt fin jul alle som er innom!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar