måndag, mai 20, 2013

Fine dagar

Pinse og 17.mai vart plutseleg nesten som syden. Varmegrader langt over 20 og steikande sol heile helga. Det er lenge sidan sist vi har hatt så flott vêr.






17.mai, før toget. Best å ta bileta tidleg før vi skitnar ut finstasen.





Pinsebrising på Aklestad pinseafta.



Audun og Håvard




Dagen etter var det line varmt og vi måtte ha vannkrig i hagen for å kjøle oss ned.




Idag var vi på badestranda på Sæbø, og sjølv om temperaturen i vatnet var litt i lavaste laget var det mange som bada.
Marius og Mariell klatra opp på flytebrygga og låg og såg på fiskane som symde forbi.





Til slutt idag fekk vi kome i etterselskap til Henriette som vart 3 år. Frøkenane ordna seg med eige bord og greier.



Dei vaksne som var innkalle til dugnad for å verte "kvitt" resten av kakene.



Henriette fekk vise korleis ein gir lamma flaske. Flinke tausa!



Oliver fekk også prøve litt.

Det var ei flott avslutning på ei innhaldsrik og nydeleg langhelg.

Lagt inn av Anette
- Posted using BlogPress from my iPhone

Ingen kommentarer: