søndag, mai 12, 2013

Tyrkia, mai 2013.

No er vi akkurat komne heim etter ei veke i Tyrkia ilag med mamma og pappa. Vi valde Alanya, og Pegasos Resort, og det var eigentleg mest pga at dei hadde direktefly frå Vigra. Reiseselskapet heiter Nazar, og dei har verkeleg imponert oss.

Hotellet var over all forventing, og vi har fått god service og Nazar har vore veldig synlege og godt representerte på hotellet dagleg.

Tyrkia mai 2013 006

Spente og utolmodige på Vigra før avreise. Mykje venting på dei små.

IMG_1275

Etter ankomst på Antalya flyplass var det to som var lys våkne, sjølv om klokka var to om natta. Ein busstur venta før vi endeleg kunne sjekke inn på hotell Pegasos Resort.

IMG_1277

Vi kom til rommet litt før kl 4 om morgonen, men Mariell sette igong med å pakke ut og legge kleda sine fint i skapet.

IMG_1280

Nokre timar seinare var vi klare for å sjekke ut frukostbuffeten og bassenga.

Herleg temperatur, og strålande sol, akkurat det vi bestilte!

IMG_1281

Heilt greitt å vakne til denne utsikta frå rommet i 4. etg.

IMG_1285

Bassenga vart testa første dagen…

Tyrkia mai 2013 009

Stranda neste dag…begge dele var like bra. Og ikkje minst var det kjekt å kunne ta seg ein is akkurat når ein ville.

IMG_1294

På piratklubb var det aktivitetar kvar dag for alle born. Her var det mykje kjekke Nazar-guidar som hadde eit flott opplegg, og ungane storkosa seg.

Tyrkia mai 2013 091

Så var det tid for pirat-cruise! Høgdepunktet for Marius, dette hadde han gleda seg til lenge. Vi vart positivt overraska over at det var same guidane som på piratklubben på hotellet, og opplegget varte frå vi sette oss på bussen om morgonen, til vi kom heim om ettermiddagen.

Tyrkia mai 2013 112

Store og flotte sjørøverskip.

 

Tyrkia mai 2013 034Tyrkia mai 2013 039

Tyrkia mai 2013 037Tyrkia mai 2013 084Tyrkia mai 2013 058Tyrkia mai 2013 062Tyrkia mai 2013 065Tyrkia mai 2013 066Tyrkia mai 2013 068Tyrkia mai 2013 076Tyrkia mai 2013 079Tyrkia mai 2013 085

Ansiktsmaling, konkurransar og aktivitetar for alle.

Tyrkia mai 2013 121Tyrkia mai 2013 137

Og sjølvsagt: SKATTEJAKT!

Alle borna fekk eit piratbevis, premie og skatt, pirat-tørkle på hovudet og seremoni der dei vart erklært ekte piratar. Stas!

Tyrkia mai 2013 142

Og til slutt, for å toppe det heile: SKUMPARTY!

Tyrkia mai 2013 155Tyrkia mai 2013 172Tyrkia mai 2013 174

Tyrkia mai 2013 177

No treng eg sårt å ta igjen litt søvn etter siste reisedøgn, så eg får legge ut meir frå turen etterkvart. Forts. kjem!

Ingen kommentarer: