måndag, mai 13, 2013

Tyrkia, mai 2013. (Del 2)

Gratis is heile dagen. Kan det vere meir perfekt enn det? Ikkje for Marius og Mariell, trur eg. Det var stas å kunne få så mykje is ein berre ville, og til og med utan å betale.

IMG_1346

Ein tur innom frisøren var vi også.

Marius fekk klipp og barberte kule striper over eine øyra.

IMG_1351

Mariell fekk fletter i håret. Å sitte stille så lenge, og i tillegg bli lugga skikkeleg og lenge var ikkje så populært, men ho sat stille og klaga ikkje. Trur det hadde vore litt annleis om det var eg som fletta ja…

IMG_1354

Pappa fekk seg litt meir tvilsomme “hair-extentions”.

IMG_1350

Minidisko/”kids hour” om kvelden var eit høgdepunkt. Her var det ein time med dansing for ungane på scena, og dei same folka frå piratklubben var med. Ungane fekk boltre seg med mykje artig musikk, og høyre om Captain Popcorn.

IMG_1407

Marius vart veldig glad i alle instruktørane på piratklubben. Kjempekjekke folk som var flinke med ungar.

Skal legge ut nokre videoklipp av dette i neste del.

Forsettelse følgjer…

Ingen kommentarer: