måndag, februar 09, 2009

Jammen he me passert 11 mnd alt...


Søndag var Marius 11 mnd. Heilt utruleg kor fort det går no, og det heng vel saman med at det er mykje som skjer. Marius har tatt sine første steg, og slepp seg stadig. Han har ikkje heilt fått dreisen på gåinga enno, men det går framover heile tida. Han lærer nye ord nesten kvar dag, og kan mange dyrenamn og andre kunstar. Heilt utruleg kor raskt han lærer noko nytt. Kunstane kjem som perler på ei snor når han ser at han har fått alle til å sjå, og då er det både "mø" og "øh" (nøff) og "kk-k-yyy" (kykeliky) Skikkeleg artig. For ei stund sidan publiserte eg eit innlegg der Marius laga lyd/flira på innpust. Han har hatt ei pause med det, men siste veka har det kome tilbake for fullt, og han gjer det nesten heile tida. For å seie det slik, så er det første lyden eg høyrer når eg vaknar om morgonen, og omtrent siste lyden han lagar før han legg seg om kvelden.

3 kommentarer:

Lillabethos sa...

Sååå hærlig da!!!! En stor og flott gutt! Gratulerer med 11 mnd dagen som var;)

Siv sa...

Åh, så herlig han e da!! Tok meg i å sete og drage på smilebandet her:) Kjempenydelig gut, Anette!

Gjengen framma dala sa...

åååå...for en fine svigerson ditta verte!!
Grattis me 11 mnd!!