tysdag, februar 03, 2009

Kollegakveld og bursdagsfeiring

Laurdag var det tid for å samle alle kollegane i kjellaren til Susanne.
Ikkje alle er så heldige å ha ein så flott kjellar, med biljard, dart, bar og singstar på storskjerm! Vi hadde ein kjempetriveleg kveld, der vi spelte og kosa oss, og fekk også ei fin anledning til å feire bursdagen til vår gode kollega, Fride, som fylte 30 år på måndag.
Det vart overrekking av gåve til Fride, men....
...til alle si overrasking hadde Fride og Susanne ei overrasking til resten av gjengen også.
Dei hadde nemleg lagt ned ganskje mykje tid og arbeid i å lage alle tilsette på skulen vår eit personleg krus. Dette var nok eit sårt trengande, sidan det alltid står mange halvdrukne kaffikrus overalt, og ingen veit kven det er sine. No har vi altså fått oss krus med namn på, og ikkje berre det: Vi har fått kallenamn også, og grunngiving, nedskrive på ein lapp... Ikkje verst!

Eit lite utval av koppane. Min står heilt til venstre, og eg fekk kallenamnet "Pådrivaren". Kunne vore verre kanskje. Synest dette var artig og eit godt påfunn ivertfall.

Koppen til høgre er til den som evt kjem som vikar til oss. Dei har tenkt på alt desse to "kjellene"...

Etter ei triveleg kveld, kunne Anette, nesten stemmelaus etter all synginga, vende nasa heimatt til tomt hus.
Rart, for Marius var med bestemor og bestefar fram på dalen, og Audun i Bondalen....jammen godt eg ikkje er husredd i eit 100 år gammalt hus seier no eg...uhuhuuu...eg sov som ein stein og vakna til kyrkjeklokkene på søndag ja...;-)

4 kommentarer:

Anonym sa...

Hei...

Kjekt å sjå dette innlegget, håper du hadde ein fin kveld! Klem frå Susanne

Lillabethos sa...

Så kjekt dere har det!!

Anonym sa...

Hei hei! Og takk for en koselig ettermiddag i går:) Kom oss omsider ut i hovdebygda te slutt:) Vart en merkelig korte dag når ej sikkert he tenkt at klokka he vore ett vedli lenge...ken kunne vite at klokka hadde stoppa da, hehe...Du redda mej der:)

Va skikkelig artige dissa koppane då du:) "Pådrivaren" ja....Va egentlig et skikkelig bra kallenamn på dej, Anette!!!!;)

Ha en fin kveld:)
Helsing frå oss:)

Anonym sa...

Dissa krusene va no geniale då:-)Passa no steike godt til dej ditta navne!!! Hi hi.