Eg må berre få skrive eit innlegg til alle som har gitt utmerkingar, eller sokalla "awards", og utfordringar. Eg har sett dei, og har lyst til å følgje det opp der og då, men tida har ikkje strekke til i det siste. Det er mykje som skjer om dagane, og eg har ikkje prioritert bloggen så mykje. BEKLAGER!! Skal prøve å skjerpe meg der..
Det er både stas og litt rørande å sjå at sjølv om bloggen ikkje har vore oppdatert på over ei veke, er det jamnt over 40-50 unike brukarar som er innom kvar dag. Når i tillegg desse gir utmerkingar, er det ekstra kjekt. Men samstundes, som eg skreiv i eit tidlegare innlegg, så er ikkje bloggen min meint som noko anna enn ei oppdatering til vener og kjende om kva vi styrer på med dagane. Kanskje vert det litt rart å gi "award" til korleis livet vårt er??
Men ikkje misforstå, eg synest det er flott at vi har mange lesarar, og eg set stor pris på det, og det å få award. Nesten dagleg høyrer eg folk som seier at dei følgjer med på bloggen vår. Spesielt stor stas er det når nokon legg att kommentarar, for eg kan ikkje unngå å lure litt på kven det er som er innom. Og når det er såpass mange kvar dag, er det også litt rart når det er ingen som har skrive noko...
Det er kanskje mi oppmoding det då....for desse award'ane er flotte dei, men eg set kanskje vèl så stor pris på kommentarar, eller berre eit lite "hei", så eg ser at akkurat DU har vore innom;-)
(Ei lita forklaring til korleis ein skriv kommentarar står i margen til høgre. Det er ikkje vanskeleg altså!)
1 kommentar:
Hei Anette! :)
Synst alltid det e kjekt å stikke innom bloggen dokka ej... mykje fine bilde og sjå og mykje interessant stoff å lese!
Kjøkkenet og spisestova dokka blir kjempefin forresten! :)
Legg inn en kommentar