
Etter lang tid med riving og arbeid med ting som ikkje viser igjen, har vi endeleg denne veka fått gjort noko som vi faktisk ser resultatet av.
Golvet er ferdig, slipt og lakka.

Det har vore tapetsering av tak (måtte berre prøve, Siril!), og maling av tak. Vi har fått på plass alle kjøkkenskapa, og fått hatt på panelplater på nesten heile rommet. No er det snart berre lister, benkplate og fliser (el.l) over kjøkkenbenken som står igjen på desse to romma. Før var dette kjøkken og eit soverom, men vi skal no bruke det som kjøkken og spisestue. Litt småpusling no, så er det ikkje lenge før vi kan seie oss nøgde med denne delen av oppussinga.
Fleire bilete kjem etterkvart, desse var ikkje heilt oppdaterte, men vi ser vertfall korleis tapeten i taket ser ut. Er fornøgd med det stuntet!
3 kommentarer:
Såå flinke dere er, og det blir jo kjempeflott! Og det med tapet i taket er kjempefint og ganske lurt, kjekt at dere likte det;)
Gleder meg til å se fortsettelsen!!!!
So masse spennande dåkke he fått gjort da! Bli heilt sikkert kjempefint. Artig med tapet i taket da. Kan få et litt anna tak enn det typiske kvite-plate taket :-)
Det blir sikkert eit fint kjøkken. Det er kjekt å pusse opp, men Gud kor kjekt det er når det er ferdig og ein kan nyte det nyoppussa tomet.
lykke til
Det ligg ei utfordring til deg på bloggen min, ta den om du vil
Legg inn en kommentar