I går skulle vi på barseltreff igjen og gledde oss til det. Men litt ut på morgonen merka eg at Marius var litt meir klengete enn han brukar. Eg har vore ein del vekk frå han når vi har hatt revy og oppussing og styr, så eg tenkte ikkje noko over det før vi var omtrent klare til å fare. Då syntest eg han var så varm i panna, og tenkte eg berre skulle måle feberen for å vere på den sikre sida før vi fór: Den var 39,2! Eg forstod ingenting, for eg hadde ikkje merka noko på han, kanskje litt ekstra kosete berre, men...
Jaja, så vart vi heime, og feberen varte heile dagen og natta. Marius vart slappare og slappare. Idag har feberen vore mellom 39 og 40 heile dagen, og han er fortsatt veldig slapp. Men heldigvis er han blid og fornøgd likevel, og et og drikk som vanleg. Faktisk så heldt han på å le seg i hjel av at eg åt eple av alle ting...merkeleg kva som kan slå an...
Så då har vi altså hatt to dagar med feber. Håper han vert frisk snart, for vi gledar oss slik til helga. Då er vi inviterte til innflyttings-lunsj med Britt-Elin på Godøya. Der skal vi vere ein heil gjeng frå lærarskulen, og det skal verte soooo kjekt å sjå igjen alle saman.
1 kommentar:
uff...sjuke unga du også?
Her e de Jonas so e febersjuk og hosta...
Satse på dei blir friske fort disse små, e so trasig når dei ikkje e i form.
Masse god bedring!! :)
Legg inn en kommentar