søndag, januar 25, 2009
Falsk latter....
Marius er så artig for tida. Han har for lengst funne ut at det er stas med oppmerksomheit, men det siste nye er no å le på liksom. Han veit nemleg at vi ler av han, og då har han fått den oppmerksomheita han er ute etter... Så er det berre å ta kunstane sine også. Mange nye ord er på gong også, men det er så løye å høyre kva for nokre ord han prøver seg på, for det er ikkje dei enklaste akkurat. Neida, det er "kykeliky" som då vert "kyy" og "iiihaaaa" som vert noko som liknar kva hesten seier. Han deler ut klemmar også, og seier "aaaah". Verst går nok det utover katten, for han legg seg over han med heile seg. Stakars, snille pusen, godtek det aller meste han...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Knis, herlig! ;-D
Hehe.. kan ikkje la vere å le attme nei:)
Må berre sei at dette var ein heilt fantastisk herlig liten filmsnutt :)) So nydeli søte då, dei e so kjekke i dinna alderen! Huska godt når min åtteåring va slik :)) Utrulig koselig tid, ta vare på kvar dag som kjem!!
For en ordentlig god gutt du har :) så godt med deilige myke kinn og en liten halsgrop man kan snuse i :) Veslejenta vår ligger å sover med labbetuss i armkroken, og jeg tror hjertet skal sprenge når jeg ser henne ligge sånn :)
Ønsker deg mange gode dager med skatten din, og takk for titten :)
Legg inn en kommentar