måndag, januar 19, 2009

Besøket til Britt-Elin på laurdag.

Laurdag var dagen vi hadde gleda oss til lenge. Vi skulle få møte igjen alle jentene i gjengen frå lærarskulen. Britt-Elin inviterte oss til nyehuset på Godøya og hadde laga ein nydeleg lunsj. Sjølv om Marius vakna med utslett over heile kroppen denne dagen, bestemt vi oss til slutt for å fare likevel, sidan vi var sikre på at det ikkje var noko farleg, og sikkert ikkje smittsomt lenger heller, med tanke på dei andre babyane som var der.

Det var så utruleg kjekt å få sjå igjen alle saman, og få skravle litt igjen. Rart med det, sjølv om det var mange som ikkje hadde sett kvarandre på mange år, så hadde vi ikkje problem med å få praten til å gå, tvert i mot!
Det vart ein dag med alt for korte timar til å få snakke nok med alle, så vi håper at det ikkje vert så lenge til neste gong vi får til eit møte.
Ann Iren, Gunnhild med Alette på fanget og Nadia.
Anne Mette, Britt-Elin og Torill.
Marius gjer eit godt forsøk på å sjarmere Solveig.
Siril med dei to jamngamle på fanget; Tilda og Kasper 8 mnd.

1 kommentar:

Nunne sa...

Hei og god kveld...
Jeg har jo nettopp vært innom endel av vennene dåkkers, på hyttebesøk.... og så treff eg dem her igjen...
Jaja, det va no DÅKK eg sku hils på.... koselig blogg når jeg bare finner masse unger. DA trives jeg...
Det var koselig, kommer sikkert innom igjen!
Hilsen Nunne i nord...