måndag, januar 12, 2009
Litt oppussing, omsider...
Etter at oppussinga vår fekk ei lang pause i haust, har vi no komt i gong igjen, og vi held på med kjøkken og det som tidlegare har vore eit soverom på loftet. Vi skal ha det som kjøkken og spisestue.
Her har vi fjerna den gamle kjøkkeninnreiinga, som var bygd på staden, og mala rosa.
Vi har tatt vekk golvbelegget som var her og fann ut at det var eit tregolv under. Det var ganske mykje spiker i det, men vi fann ut at vi vil prøve å slipe det, og lakke det. Faktisk har vi alt slipt det, og har fått på nokre strøk med litt kvitaktig lakk for å ha det litt lysare enn trekvitt. Har ikkje bilete av resultatet enno, men det kjem etterkvart. På veggane her skal vi ha panelplater, og i taket har vi lagt gipsplater, som har vorte sparkla, og er klare for tapetsering, ja, faktisk, tapetsering...må berre prøve korleis det vert sjåande ut.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Ditte blir spennande å følge me på... hadde ikkje du barnevakt i dag forresten? Va ei god trening i dag...:)
Jau, men ej he fått nåke greier i eine foten. Vekkje ka ej he gjort, men he hovna opp bak kneet. Vekkje om d e kampen eller laurdagskvelden, men d e låkt vertfall...
Dåkke e so flinke atte! Siril og dei he tapet i taket om ej ikkje huska feil, og der ser det i alle fall veldig flott ut :) Dåkke fær det nok kjempefint!
Legg inn en kommentar