Merkeleg kor kjekt det var å sjå på når mamma åt eple! Då gjorde det plutseleg ingenting at feberen var høg. (Dumt at mobilen min ringde midt i filminga, men då fekk også besta og besten høyre kor me flira..)
Sjølv om Marius glimta til og leika litt på golvet av og til, har fanget til mamma vore best desse dagane. Idag var vi på legesenteret og fekk sjekke at ikkje det var noko bakterieinfeksjon. Ser ut som heilt vanleg influensa dette her, så vi får håpe den snart er over. Han er heldigvis verken tett eller snørrete på noko vis, så det er litt positivt. Får håpe det ikkje kjem noko i etterkant heller.
Det er lett å sjå på augene at han har feber, ikkje sant?
Ut på tur, aldri sur...
Køyrer politibil med eit sikkert smil...
Med lydeffektar også...brrr...
1 kommentar:
Takk for æ, ø og å-tipset! Då må eg prøve meg fram å sjå om eg finn dei skrifttypane som har desse særnorske bokstavane... Ha ein fin kveld, og god betring til lissjegullet!
Legg inn en kommentar