laurdag, januar 10, 2009

Litt bloggtørke....

Det har vore lite innlegg på bloggen i det siste, og det er vel ikkje for at eg ikkje har hatt tid, men vi har vore veldig lite heime siste tida. Vi pussar opp loftet i Bondalen og overnattar der borte når vi har anledning til det. I tillegg har eg plutseleg involvert meg i årets Åmdalsrevy, VSOP.
Les om revyen her om du vil
Eg er berre suflør, eller sufløse, som eg vert kalla no, men har vore med på mange øvingar før jul fram mot premiera, som var på skalkefesten 4. juledag. No etter nyttår har vi hatt 4 ekstra framsyningar, og den siste går ikveld. Så kveldane har gått med, kan ein seie...
I dag er det i tillegg handballkamp og avslutningsfest etter revyen, så idag vert det fullt køyr..

Så då forklarar det litt bloggtørka som har vore, men eg har mykje godt bloggstoff liggande på vent, så det kjem så fort eg får lagt det inn på maskina her.
Til dømes: Marius si gåve etter at vi vann trekninga på Solveig sin blogg, Marius sitt første kunstverk, - fingermaling attmed Leah! Oppussing m.m...

2 kommentarer:

Åse-Lill og Runar sa...

Gler mej til å sjå ka vi he i vente, Anette:)

Anonym sa...

Då venta oss i spenning :) Bli spennande med bilde frå oppussinga! Og gåva då ;-)