Før jul hadde
solveig ei bloggtrekning, og eg var så heldig å vinne den. Det var kjempekjekt å få ei melding seint på julaftan om at eg hadde ei gåve i vente. Eg fekk til og med velje kva eg hadde mest lyst på, sidan gåva skulle vere heimesydd. Sjølvsagt ønska eg då klede til Marius. Før helga kom pakken i posten, med ei kjempefin bukse som Solveig har sydd. Marius poserte så godt han kunne, men bileta vart litt mørke, så eg låner nokre av Solveig sine bilete her, for å vise dei fine detaljane på buksa.

Litt posering her...

Men det var ikkje så lenge vi hadde tid til å sitte stille då...

Her ser vi litt korleis den såg ut bak.

Til og med eigen merkelapp! Ikkje noko tull!

Buksa bak.
2 kommentarer:
Ser no ut som den passa :) Det va bra. For en skjønn modell da!!!!
Oj - den var kjempefin! Der var du heldig! ;-)
Legg inn en kommentar