måndag, februar 16, 2009

Marius har lært seg å gå!

I går var dagen Marius for fullt sette i gong å gå. Det var akkurat som at han plutseleg berre forstod vitsen med det. No går han heile tida. Litt knall og fall er det sjølvsagt, men det høyrer vel med. "Tørrtrening" har han halde på med sidan før jul, så han har vore ganske forsiktig med å sleppe seg.

Skal prøve å få lagt ut ein liten videosnutt etterkvart, men til så lenge legg eg ut eit bilete frå ein dag vi var ute og måka snø. Marius sat så fint og kika på. Stakaren, han vert så hemma av dei tjukke kleda at eg trur det var difor han sat så stille...skal ikkje vere enkelt å vere liten;-)

2 kommentarer:

Lillabethos sa...

GRATULERER med dine første steg ut i den store forunderlige verda!!!!!!
Så flink du er vennen! Gleder oss til å se deg igjen.

Lillabethos sa...

GRATULERER med dine første steg ut i den store forunderlige verda!!!!!!
Så flink du er vennen! Gleder oss til å se deg igjen.