Må vel nesten gi litt livsteikn i frå oss her. Dagane nærmar seg med stormsteg den o'store datoen; termindatoen. Samstundes som dette er dagen vi så lenge har sett fram til, er det litt skummelt at den no er så nær som den er. Tankane om at det kanskje også kan gå to veker til er også litt skummelt, for eg må innrømme at eg no er veldig lei av magen og dei ymse plagene som melder seg på slutten. Det verste er at det er "gnag" på ribbebeina, for det er vondt så og seie heile døgnet. Slik var det på slutten av førre svangerskap også, så det var ikkje akkurat uventa at det kom no også, men det er meir av det denne gongen, og så veit eg at det vil vare til lenge etter at babyen er ute også. Au....:-/Eg grur meg meir til fødselen denne gongen enn sist også. No veit eg meir kva eg går til, samstundes som at eg veit at eg ikkje vil få hjelp av lystgassen denne gongen. Den har dei nemleg fjerna på sjukehuset i Volda. Eg hadde god hjelp av den sist, men veit sjølvsagt ikkje korleis det hadde vore utan.
Siste vekene har gått med til å gjere ting klart i huset, så både seng, vogge, stellebord, vogn og klede er kome på plass. Rart å leite fram dei bittesmå kleda igjen, så søte og nette...klarer ikkje heilt å huske kor liten Marius var då han var nyfødd når eg ser på kleda.
Jaja, då er det berre siste ventetida som står att, så håpar vi på at neste blogginnlegg vert etter eit aldri så lite sjukehusopphald;-)
Ha ein fin søndag, folkens!
4 kommentarer:
Masse lykke til :-) Venta i spenning på gode nyheite. Klem
Spennande!! Masse lukke til, alle saman, men spesielt til deg. Sikker på at det kjem til å gå fint utan lystgass. Opplevelsar av fødslar er så ulike, så er vel inga trøst om eg seier at det for min del gjekk heilt fint utan lystgass...? Du er ei tøffe dame, dette taklar du. KLEM
Lykke, lykke til!! Eg har fødd alle mine tre jenter utan lystgass, så dette klarer du heilt fint:) E spent på neste innlegg no;) Klem frå Siv
Vi ventar med dokke! hehe... Spennande, lykke til;)
Legg inn en kommentar