
Endeleg noko som ser ut som det kan verte hus av igjen. Gangen har fått på tapét på alle veggane, og nesten alle dører og lister er på plass. Pappa har vore veldig ivrig siste vekene, og det viser igjen. Eg har prøvt å hjelpe det eg har klart, men det har ikkje vore så enkelt. No har eg lagt inn årene, for no er det ikkje råd å gjere noko meir. Men, åh, kor kjekt å sjå at det er framgong der oppe!! Vi har valgt to typer tapét, som du ser på biletet. Det kan sjå ut som mønsteret er veldig markert, men faktisk så viser det ikkje så godt, for det viser kun i "lyset" frå ein bestemt vinkel. På ein måte litt glans i. Då eg tok bileta måtte eg bruke blitz, så då såg det litt annleis ut...Eine veggen er gråmønstra tapét på, og resten har ein lys, stripete tapét.
2 kommentarer:
Kjempeflott! Sikker på at det bli heilt utrulit fint med dåkke når dåkke bli ferdige. Du (dåkke?) he no so god smak når det gjeld interiør, at det bli vel som et interiørblad, tenke ej :-)
Nydeleg tapet, spesielt på endeveggen!! :)
Legg inn en kommentar